{"id":61,"date":"2020-01-23T20:41:08","date_gmt":"2020-01-23T19:41:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.per.johan.froysa.priv.no\/?page_id=61"},"modified":"2020-02-19T15:02:36","modified_gmt":"2020-02-19T14:02:36","slug":"minne-fra-april-og-mai-dagane-pa-hellesylt-i-1940","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.per.johan.froysa.priv.no\/index.php\/fars-erindringer\/minne-fra-april-og-mai-dagane-pa-hellesylt-i-1940\/","title":{"rendered":"Minne fr\u00e5 april og mai -dagane p\u00e5 Hellesylt i 1940"},"content":{"rendered":"\n<p>9. april vakna vi og var i krig med Tyskland. Enno idag snart 56 \u00e5r etter sit ymse hendingar fast i minnet. Veret var str\u00e5lande. Sol fr\u00e5 ein skyfri himmel dag etter dag. H\u00f8ge br\u00f8ytekantar heile Honndalen og djup telel\u00f8ysing som gjorde det uframkomeleg om dagen, men fraus til om kvelden og natta.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>Mobilisering. Fjordab\u00e5ten som kom og henta soldatane. Mellom dei bror min Peder og naboguten Erling Ringdal. Erling var lagf\u00f8rar og ein god skyttar. Erling fall p\u00e5 Domb\u00e5s i kamp med tyske fallskjermstyrkar. Han skulle ta dei til fange, men plutseleg skaut dei. Det vart sagt at etter dette vart det ikkje teke fallskjermsoldatar til fange.<\/p>\n\n\n\n<p>Lastebilane p\u00e5 Hellesylt vart rekvirerte og eigarane John S\u00e5rheim, Peder Vollset, Alf Tryggestad og Petter Tronstad tilbaud \u00e5 vere med, men vart nekta. Eg hadde ikkje hatt milit\u00e6rteneste, men vart spurd om \u00e5 sitje p\u00e5 kontoret saman med lensmann Olav Gausdal. Ein av oss m\u00e5tte vere der og ta mot telefonar. Det var snart ein del trafikk over Hellesylt til Sogn og Fjordane og omvendt. Det vart halde vakt p\u00e5 Hellesylt b\u00e5de dag og natt. Dette sytte skyttarlaget for. Vakthaldet heldt fram s\u00e5 lenge kampane varte i Syd-Norge.<\/p>\n\n\n\n<p>Ein dag fekk vi i oppdrag \u00e5 skaffe ein bil fr\u00e5 Hellesylt til Nordeidei Sogn. Det var advokat Fj\u00f8rtoft som skulle eit viktig \u00e6rend til h\u00e6rleiinga p\u00e5 Voss. B\u00e5t skulle ligge klar p\u00e5 Nordeide og f\u00f8re Fj\u00f8rtoft over til Gudvangen, der bil skulle st\u00e5 klar til \u00e5 k\u00f8yre til Voss. Eg fekk i oppdrag \u00e5 ta turen med ein av billaget sine bilar, ein Buick 1931 mod. som var den beste bilen vi kunne skaffe. Eg stod klar med bilen d\u00e5 motorb\u00e5ten med adv. Fj\u00f8rtoft og fylkesmann Seip la til kaia. Dette var i 7-8 tida om kvelden, og d\u00e5 var vegen gjennom Honndalen alt tilfrosen. Som f\u00f8r fortalt var det sol og varmt om dagen, men bitande kulde om natta. Vi kom oss velberga gjennom Honndalen og det gjekk radigt til Stryn. P\u00e5 Vikabrua vart vi stogga av vakta, to mann og ein av dei minnest eg var Malvin Sandbakk. Vi var gamle kjenningar og kunne k\u00f8yre vidare til Tonning. Her fylte vi bensin ved det nye anlegget til billaget, som vart teke i bruk berre 1\/2 \u00e5r f\u00f8r krigen braut ut. S\u00e5 bar det vidare mot Sogn med full fart ned Visnesbakken. Plutseleg skimta eg 2 mann med gev\u00e6r i skytestilling midt i vegen. Eg drog til bremsene alt eg orka. Eg var redd dei skaut og var sjeleglad eg greidde \u00e5 stogge nokre meter fr\u00e5 dei. Dei forlangte legitimasjon. Fylkesmann Seip sat i baksetet bak meg. Han let opp d\u00f8ra og ropte med grov r\u00f8st. \u00abDet er fylkesmannen dokka dette her\u00bb. Og vakta ropte attende: \u00abDet hjelpe ikkje det, vi skal sj\u00e5 papira dokka vi\u00bb. \u00abDet er rett det kara\u00bb, sa Seip og drog fram papira sine. Eg studerer p\u00e5 om nokon kan seie meg kven desse to karane var som stod vakt denne gongen? Eg minnest ikkje vi m\u00f8tte ein einaste bil p\u00e5 heile turen.<\/p>\n\n\n\n<p>Ved J\u00f8lstravatnet ein stad stogga vi og \u00e5t niste vi hadde med. Sidan heldt vi fram uten stans til Nordeide. Der l\u00e5g ein b\u00e5t med motoren i gong og Fj\u00f8rtoft reiste vidare over Gudvangen til Voss. Han sat heile tida og vakta p\u00e5 ein koffert han hadde med. Klokka var no litt over midnatt. Eg gjekk og venta heile neste dag. P\u00e5 Nordeide var det stille og fredeleg, og sola skein fr\u00e5 ein skyfri himmel. Berre eit gamalt 2-dekkar norsk fly braut stilla i det det flaug sakte ut etter Sognefjorden. Andre dagen kom Fj\u00f8rtoft att. Samstundes kom 2 unge engelskmenn og ville vere med nordover. Dei sa at dei var flygarar og hadde vore med i Finlandskrigen. Dei brukte store ord. Dei ville slutte seg til dei norske styrkane og vere med og jage tyskarane p\u00e5 sj\u00f8en.<\/p>\n\n\n\n<p>Tilbaketuren gjekk uten stopp til Olden. Inger og Anton Yri baud p\u00e5 kveldsmat. Inger tykte synd i dei to engelske ungdomane og kom med skikkeleg heimstrikka str\u00f8mper som dei fekk med seg. Det leid no so langt at vegen gjennom Honndalen var tilfrosen, s\u00e5 vi kom oss velberga attende til Hellesylt.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image is-resized\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"http:\/\/192.168.1.100\/drupal\/sites\/default\/files\/Ruinsenderen.jpg\" alt=\"\" width=\"768\" height=\"519\"\/><figcaption>Vigrasendaren<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>Radiosendaren p\u00e5 Vigra vart bomba av tyske fly. Alle lytta p\u00e5 Vigrasendaren for \u00e5 fylgje med kva som skjedde, men det varte ikkje lenge. Det siste vi h\u00f8yrde hallomannen seie var: No bombar tyske fly Vigra. No hadde vi berre sendaren fr\u00e5 NRK Oslo, ein svak langb\u00f8lgesendar som dessutan var kontrollert av tyskarane.<\/p>\n\n\n\n<p>Og nervane stod p\u00e5 h\u00f8gkant med nokon kvar, dei f\u00f8rste krigsdagane og rykta svirra og gjorde det galne verre. Ein dag fekk vi p\u00e5 lensmannskontoret p\u00e5 Hellesylt oppringing fr\u00e5 lennsmannen i Hornindal&#8230; Ein bil passerte Grod\u00e5s i svimlande fart uten \u00e5 stoppe for vaktmennene. Det h\u00f8yrdest mystisk ut, og vi vart samde om \u00e5 stoppe bilen f\u00f8r han kom ned til Hellesylt. To mann tok oppstilling i Helgesvingen. Tre mann tok stilling ved kyrkjegardsmuren. Gudrun Flo, svigermor, opna eit vindauge og ropte: \u00abVi har no ei b\u00f8sse vi med\u00bb, i det dei tre skyttarane hasta forbi p\u00e5 veg til kyrkjegarden. Dersom ikkje bilen stoppa ved vakta i Helgesvingen skulle den i alle fall verte n\u00f8ydd \u00e5 stoppe s\u00e5 snart den kom til syne i f\u00f8rste svingen f\u00f8r den kom ned til kyrkjegarden: Men bilen stoppa ikkje for vakta i Helgesvingen. Dei tre erfarne skyttarane med Elling S. Ringdal i spissen var samde om \u00e5 skyte p\u00e5 eit punkt p\u00e5 vegen s\u00e5 snart bilen kom til syne. Elling ropte fyr, og alle 3 skaut samstundes. Effekten var fullkomen. Den gongen var der grusveg. Og grusen stod som ei sky over bilen som br\u00e5stoppa. Ein stor r\u00f8sleg sj\u00e5f\u00f8r kom ut av bilen saman med ein tynn bleik franskmann. Sj\u00e5f\u00f8ren &#8211; som var vetskremd &#8211; kjende eg att fr\u00e5 eit idrettsstemne p\u00e5 Sandane i 1932 der han vart distriktsmeister i kulest\u00f8t. I parantes kan eg fortelje at stryningen, skulekameraten min, Julius Fure st\u00f8ytte kula lenger, men han var ikkje p\u00e5meld. Nok om det, den store kraftige karen som heitte Gunnar \u00d8ren og k\u00f8yrde drosje i H\u00f8yanger, skolv og heldt seg for hjarte. Han kom med franskmannen, fr\u00e5 H\u00f8yanger til Hellesylt, som skulle vidare til \u00c5ndalsnes. Franskmannen kunne legitimere seg og spenninga l\u00f8yste seg opp. Men seinare gjekk det rykte om at mannen var spion og vart arrestert p\u00e5 \u00c5ndalsnes.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Tur til Oslo<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Vi var komne til medio mai 1940. Alt samband, b\u00e5de post og telefon mellom Vestlandet og Austlandet hadde vore brote sidan innvasjonen. P\u00e5 Hellesylt gjekk to par foreldre, Laura og Asmund Lilleb\u00f8 og Alma og Syver Ringdal og var redde for d\u00f8trene sine Borghild (gift Hauso) og Anne (gift S\u00e5rheim). Dei gjekk gymnas p\u00e5 Eidsvoll. Det hadde vore trefningar p\u00e5 Eidsvoll og foreldra ottast at det kunne ha hendt dei noko. Det vart bestemt at \u00c5mund Lilleb\u00f8 skulle pr\u00f8ve og ta seg fram til Eidsvoll for \u00e5 leite opp jentene og f\u00e5 dei med heim. Bilen til Grand Hotell, ein 7 seter Cabr. Horch vart klargjort. Eg vart spurd om \u00e5 k\u00f8yra. Bilen som var tysk fabrikat og l\u00e5g langt over Mercedes i pris var kj\u00f8pt brukt av skipsredar Fred Olsen, vart utrusta med bensin nok til Oslo og tilbake. Distriktslege Torgersen skulle vere med. Han hadde familie og gardsbruk p\u00e5 N\u00f8tter\u00f8y som han ikkje hadde h\u00f8yrt noko fr\u00e5. 18. mai reiste vi med ferge til Vallsvik. Det var avtalt med postverket i \u00c5lesund at vi skulle stoppe p\u00e5 Sj\u00f8holt og ta med ein liten postsekk til Oslo. Dette var f\u00f8rste postforsendelsen mellom \u00c5lesund og Oslo sidan 9. april.<\/p>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-image\"><figure class=\"aligncenter\"><img decoding=\"async\" src=\"http:\/\/192.168.1.100\/drupal\/sites\/default\/files\/Image5.jpg\" alt=\"\"\/><\/figure><\/div>\n\n\n\n<p>Her om dagen fann eg att fylgjebrevet til denne postposen datert 18\/5 \u00c5lesund og kvittert av Oslo postkontor 21\/5-40. Vi hadde inga aning om kva vi gav oss ut p\u00e5. Hadde vi visst det hadde vi neppe lagt ut p\u00e5 reisa.<\/p>\n\n\n\n<p>Vi kom til fergeleiet p\u00e5 V\u00e5ge, for vegen gjekk ikkje lenger d\u00e5. Vi hadde ei punktering undervegs for vi var tungt lasta med bensinfat. Bilen brukte mykje bensin og ein m\u00e5tte ha nok b\u00e5de fram og tilbake. Fr\u00e5 V\u00e5ge ferga vi til Norvik p\u00e5 norsida av Romsdalsfjorden og det gjekk utan problem til \u00c5ndalsnes. Men der m\u00f8tte oss eit uhyggeleg syn. Heile \u00c5ndalsnes var bomba og brent og husmurar og skorsteinar grein mot oss. Der var ingen stad vi kunne ta inn for \u00e5 overnatte. Vi fann den tyske kommandanten og fortalde kva \u00e6rend vi hadde og at vi f\u00f8rst skulle til Eidsvoll og vidare til Oslo. Han fortalde oss at vegen opp Romsdalen var sperra. Og der stod vi. Men etter at vi hadde vore der ei stund og bilen v\u00e5r var vist fram vart komandanten s\u00e5 velvilleg stemt at han tilbaud oss \u00e5 f\u00e5 k\u00f8yre bilen p\u00e5 togen neste morgon og skreiv ut ausveis:<\/p>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-image\"><figure class=\"aligncenter\"><img decoding=\"async\" src=\"http:\/\/192.168.1.100\/drupal\/sites\/default\/files\/Image6.jpg\" alt=\"\"\/><\/figure><\/div>\n\n\n\n<p>Neste dag som var 20. mai fekk vi k\u00f8yre bilen p\u00e5 toget og f\u00f8lgje til Domb\u00e5s. D\u00e5 vi kom til Domb\u00e5s leid det langt p\u00e5 dag s\u00e5 vi k\u00f8yrde berre til Otta og tok inn hj\u00e5 Ola Sveine, ein sj\u00e5f\u00f8r i OGS som eg kjende og som dreiv kafe Kvil og pensjonat. Her fylte vi bensin og sette att det vi ikkje hadde bruk for p\u00e5 turen til Oslo.<\/p>\n\n\n\n<p>Tredje dagen kom vi etter diverse omk\u00f8yringar til Minnesund. Her var brua som var b\u00e5de for tog og bil \u00f8ydelagd, og tyskarane var alt i gong med reparasjonen. Derfr\u00e5 k\u00f8yrde vi p\u00e5 austsida av Vormaelva og kom til Eidsvoll ut p\u00e5 ettermiddagen. Der fann vi Borghild og Anne i beste velg\u00e5ande. Undervisninga p\u00e5 gymnaset var igong att. Det var eit hjarteleg gjensyn, men jentene ville gjere fr\u00e5 seg eksamen f\u00f8r dei kom heim, s\u00e5 vi heldt fram til Oslo der Lilleb\u00f8 skulle bes\u00f8ke slekt, og Dr. Torgersen ta toget til N\u00f8tter\u00f8y. Vi var no komne til 21. mai og gjorde avtale om \u00e5 m\u00f8tast att 23. mai i Oslo.<\/p>\n\n\n\n<p>Det var rart \u00e5 kome til Oslo. Alt var stille og fredeleg, nesten ikkje ein bil i gatene. Det var som tida stod stille. Post og telefon med omverda var brote. N\u00e5r vi stoppa p\u00e5 Karl Johan kom folk springande over gata n\u00e5r dei s\u00e5g denne T-bilen og skulle frette fr\u00e5 Vestlandet. Eg fekk levert postposen til Oslo postkontor som kvitterte p\u00e5 den vesle lappen eg hadde med fr\u00e5 \u00c5lesund. Som kvitteringa viser var vi no komne til 21. mai 1940.<\/p>\n\n\n\n<p>Eg k\u00f8yrde til Uranienborgv. 9. Der fekk eg vere hj\u00e5 mine gode vener Sigrid og Audun Yri. I Oslo var alt tilsynelatande som f\u00f8r. P\u00e5 Oslofjorden l\u00e5g Stavangerfjord. Heime gjekk det rykte at han var senka.<\/p>\n\n\n\n<p>Den 23. mai tok vi til p\u00e5 heimturen. No trudde vi at alle vanskar p\u00e5 turen var over. Vi n\u00e5dde att utallige tyske bilkolonner p\u00e5 veg nordover med soldatar og utstyr. Dei k\u00f8yrde ikkje fort men disiplinert so det var ikkje vanskeleg \u00e5 kome forbi, men vegen var smal og krokete i dei dager s\u00e5 det var ikkje enkelt alltid, men mottrafikk var det ikkje og dei tyske lastebilane hadde vegen \u00e5leine.<\/p>\n\n\n\n<p>Bortsett fr\u00e5 \u00f8ydelagde bruer var det ikkje mykje spor \u00e5 sj\u00e5 etter kamp. Det som gjorde eit ugl\u00f8ymande inntrykk p\u00e5 meg var ei gamal lita stove p\u00e5 \u00f8vstesida av vegen en stad i Gudbrandsdalen. Attmed stova var ein liten potet\u00e5ker. Midt p\u00e5 \u00e5keren var ei soldatgrav med trekors og ein tysk hjelm p\u00e5. P\u00e5 Kvam var kyrkja brend og der stoppa vi og snakka med Nils Ringdal fr\u00e5 Hellesylt som var l\u00e6rar og klokkar der. I Kvamsporten, ei fjellskjering syd for Kvam pr\u00f8vde norske og engelske soldatar \u00e5 stoppe tyskerane. Og der var det harde trefningar. Ringdal fortalde at eit stort antal engelske soldatar fall, ca. 100. Dei vart begrevne p\u00e5 marka ved sidan av vegen der vi stod. Han fortalde at tyskerane hadde mange falne. Dei samla alle sine falne soldatar i kyrkje og sette eld p\u00e5. Det rauk enno av kyrkjetuftene. Medan vi stod p\u00e5 Kvam starta ei kolonne med hestar og vogner som hadde lege der om dagen for s\u00e5 \u00e5 k\u00f8yre vidare om natta. Denne hestekolonna passerte vi og kom til Otta kl. 8 om kvelden der vi overnatta hj\u00e5 Sveine. Der fyllte vi p\u00e5 resten av bensinen vi hadde der.<\/p>\n\n\n\n<p>Om morgonen 24. mai starta vi p\u00e5 heimturen. Men d\u00e5 vi kom over brua var vegen nordover sperra og den tyske vakta nekta oss \u00e5 k\u00f8yre vidare fordi ei tysk hestekolonne var p\u00e5grepa p\u00e5 Sel. P\u00e5 andre sida av elva s\u00e5g vi ei rad store kj\u00f8tskrottar opphengde. Det var hestane vi hadde passert i 7-tida d\u00e5 vi reiste fr\u00e5 Kvam. Det viste seg at nordmenn hadde kome over fr\u00e5 \u00d8sterdalen og lagt seg i stilling ved brua der vegen no g\u00e5r over til H\u00f8vringen og skote ned hestane og trekt seg tilbake. P\u00e5 ein stor plakat hadde tyske Ortskommandanten skreve at norske friskarer hadde p\u00e5grepe ei tysk hestekolonne og at nordmennene ikkje m\u00e5tte vere s\u00e5 dumme og at represalier kunne vi vente. Skoten blir den &#8230; osv. Og der stod vi. Vegen til Stryn var ikkje opna, men vi visste at tyskerane heldt p\u00e5 \u00e5 ta opp vegen til Geiranger. Vi troppa s\u00e5 opp hj\u00e5 Ortskommandanten som hadde kontor ved jernbana. Vi viste fram papir fr\u00e5 Ortskommandanten p\u00e5 \u00c5ndalsnes og sa at vi no var p\u00e5 heimveg og spurde om det var r\u00e5d \u00e5 k\u00f8yre til Geiranger sidan vegen var sperra til \u00c5ndalsnes. Det var ein morsk kar vi m\u00f8tte der. Han fortalde at nordmenn hadde p\u00e5grepe ei tyske hestekolonne ved Sel. Han raste over nordmenn som kunne vere s\u00e5 dumme. Han gjekk att og fram p\u00e5 golvet i fullt raseri. Vi sat stille og h\u00f8yrde p\u00e5 og venta p\u00e5 at han skulle spakne. Til slutt spakna han og svara p\u00e5 det eg spurde om. Vegen vart gjenombr\u00f8yta i g\u00e5r. Eg var der sj\u00f8lv sa han og k\u00f8yrde meg fast. S\u00e5 vi fekk ikkje k\u00f8yre der og uten hjelp kunne det ikkje g\u00e5. Han trava att og fram. S\u00e5 spurde han kva slags bil vi hadde. Vi har ein Horsch 7-seter Cabriolet, sa eg. Plutseleg stoppa han og tverrvende s\u00e5g p\u00e5 oss. \u00abJa\u00bb, sa han \u00abdann geht es.\u00bb \u00abSie k\u00f8nnen fahren\u00bb. Plutseleg s\u00e5g han p\u00e5 oss med andre auge. Det kunne ikkje vere kven som helst som k\u00f8yrde Horsch, eit bilmerke som berre direkt\u00f8rar og rike folk hadde r\u00e5d til i Tyskland.<\/p>\n\n\n\n<p>Glade og letta la vi i veg mot Geiranger. Vi kom oss over fjellet utan noko problem. D\u00e5 vi kom ned Bl\u00e5fjellet og s\u00e5g ned mot Geiranger n\u00e5dde vi att sn\u00f8m\u00e5kerane, eit hundretals tyske soldatar, ei lang rekke med kvar sin spade p\u00e5 aksla. Det var nett med same dei var ferdige. Det var godt \u00e5 korne til Geiranger til kjentfolk og slektningar. Alt klaffa for oss. Ferga til Hellesylt var nett byra \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 gr. av vegopninga over fjellet, og vi kom oss velberga tilbake til Hellesylt 24. mai 1940.<\/p>\n\n\n\n<p>Det var eit sterkt ynskje fr\u00e5 \u00c5mund Lilleb\u00f8 at eg m\u00e5tte skrive om denne reisa v\u00e5r til Oslo.<\/p>\n\n\n\n<p>Stryn, nov. 1995<\/p>\n\n\n\n<p>John Fr\u00f8ysa.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>9. april vakna vi og var i krig med Tyskland. Enno idag snart 56 \u00e5r etter sit ymse hendingar fast i minnet. Veret var str\u00e5lande. Sol fr\u00e5 ein skyfri himmel dag etter dag. H\u00f8ge br\u00f8ytekantar heile Honndalen og djup telel\u00f8ysing som gjorde det uframkomeleg om dagen, men fraus til om kvelden og natta.&nbsp; Mobilisering. Fjordab\u00e5ten [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":112,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"class_list":["post-61","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.per.johan.froysa.priv.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/61","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.per.johan.froysa.priv.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.per.johan.froysa.priv.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.per.johan.froysa.priv.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.per.johan.froysa.priv.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=61"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/www.per.johan.froysa.priv.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/61\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":66,"href":"https:\/\/www.per.johan.froysa.priv.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/61\/revisions\/66"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.per.johan.froysa.priv.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/112"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.per.johan.froysa.priv.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=61"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}