Minne frå april og mai -dagane på Hellesylt i 1940

9. april vakna vi og var i krig med Tyskland. Enno idag snart 56 år etter sit ymse hendingar fast i minnet. Veret var strålande. Sol frå ein skyfri himmel dag etter dag. Høge brøytekantar heile Honndalen og djup teleløysing som gjorde det uframkomeleg om dagen, men fraus til om kvelden og natta. 

Mobilisering. Fjordabåten som kom og henta soldatane. Mellom dei bror min Peder og naboguten Erling Ringdal. Erling var lagførar og ein god skyttar. Erling fall på Dombås i kamp med tyske fallskjermstyrkar. Han skulle ta dei til fange, men plutseleg skaut dei. Det vart sagt at etter dette vart det ikkje teke fallskjermsoldatar til fange.

Lastebilane på Hellesylt vart rekvirerte og eigarane John Sårheim, Peder Vollset, Alf Tryggestad og Petter Tronstad tilbaud å vere med, men vart nekta. Eg hadde ikkje hatt militærteneste, men vart spurd om å sitje på kontoret saman med lensmann Olav Gausdal. Ein av oss måtte vere der og ta mot telefonar. Det var snart ein del trafikk over Hellesylt til Sogn og Fjordane og omvendt. Det vart halde vakt på Hellesylt både dag og natt. Dette sytte skyttarlaget for. Vakthaldet heldt fram så lenge kampane varte i Syd-Norge.

Ein dag fekk vi i oppdrag å skaffe ein bil frå Hellesylt til Nordeidei Sogn. Det var advokat Fjørtoft som skulle eit viktig ærend til hærleiinga på Voss. Båt skulle ligge klar på Nordeide og føre Fjørtoft over til Gudvangen, der bil skulle stå klar til å køyre til Voss. Eg fekk i oppdrag å ta turen med ein av billaget sine bilar, ein Buick 1931 mod. som var den beste bilen vi kunne skaffe. Eg stod klar med bilen då motorbåten med adv. Fjørtoft og fylkesmann Seip la til kaia. Dette var i 7-8 tida om kvelden, og då var vegen gjennom Honndalen alt tilfrosen. Som før fortalt var det sol og varmt om dagen, men bitande kulde om natta. Vi kom oss velberga gjennom Honndalen og det gjekk radigt til Stryn. På Vikabrua vart vi stogga av vakta, to mann og ein av dei minnest eg var Malvin Sandbakk. Vi var gamle kjenningar og kunne køyre vidare til Tonning. Her fylte vi bensin ved det nye anlegget til billaget, som vart teke i bruk berre 1/2 år før krigen braut ut. Så bar det vidare mot Sogn med full fart ned Visnesbakken. Plutseleg skimta eg 2 mann med gevær i skytestilling midt i vegen. Eg drog til bremsene alt eg orka. Eg var redd dei skaut og var sjeleglad eg greidde å stogge nokre meter frå dei. Dei forlangte legitimasjon. Fylkesmann Seip sat i baksetet bak meg. Han let opp døra og ropte med grov røst. «Det er fylkesmannen dokka dette her». Og vakta ropte attende: «Det hjelpe ikkje det, vi skal sjå papira dokka vi». «Det er rett det kara», sa Seip og drog fram papira sine. Eg studerer på om nokon kan seie meg kven desse to karane var som stod vakt denne gongen? Eg minnest ikkje vi møtte ein einaste bil på heile turen.

Ved Jølstravatnet ein stad stogga vi og åt niste vi hadde med. Sidan heldt vi fram uten stans til Nordeide. Der låg ein båt med motoren i gong og Fjørtoft reiste vidare over Gudvangen til Voss. Han sat heile tida og vakta på ein koffert han hadde med. Klokka var no litt over midnatt. Eg gjekk og venta heile neste dag. På Nordeide var det stille og fredeleg, og sola skein frå ein skyfri himmel. Berre eit gamalt 2-dekkar norsk fly braut stilla i det det flaug sakte ut etter Sognefjorden. Andre dagen kom Fjørtoft att. Samstundes kom 2 unge engelskmenn og ville vere med nordover. Dei sa at dei var flygarar og hadde vore med i Finlandskrigen. Dei brukte store ord. Dei ville slutte seg til dei norske styrkane og vere med og jage tyskarane på sjøen.

Tilbaketuren gjekk uten stopp til Olden. Inger og Anton Yri baud på kveldsmat. Inger tykte synd i dei to engelske ungdomane og kom med skikkeleg heimstrikka strømper som dei fekk med seg. Det leid no so langt at vegen gjennom Honndalen var tilfrosen, så vi kom oss velberga attende til Hellesylt.

Vigrasendaren

Radiosendaren på Vigra vart bomba av tyske fly. Alle lytta på Vigrasendaren for å fylgje med kva som skjedde, men det varte ikkje lenge. Det siste vi høyrde hallomannen seie var: No bombar tyske fly Vigra. No hadde vi berre sendaren frå NRK Oslo, ein svak langbølgesendar som dessutan var kontrollert av tyskarane.

Og nervane stod på høgkant med nokon kvar, dei første krigsdagane og rykta svirra og gjorde det galne verre. Ein dag fekk vi på lensmannskontoret på Hellesylt oppringing frå lennsmannen i Hornindal… Ein bil passerte Grodås i svimlande fart uten å stoppe for vaktmennene. Det høyrdest mystisk ut, og vi vart samde om å stoppe bilen før han kom ned til Hellesylt. To mann tok oppstilling i Helgesvingen. Tre mann tok stilling ved kyrkjegardsmuren. Gudrun Flo, svigermor, opna eit vindauge og ropte: «Vi har no ei bøsse vi med», i det dei tre skyttarane hasta forbi på veg til kyrkjegarden. Dersom ikkje bilen stoppa ved vakta i Helgesvingen skulle den i alle fall verte nøydd å stoppe så snart den kom til syne i første svingen før den kom ned til kyrkjegarden: Men bilen stoppa ikkje for vakta i Helgesvingen. Dei tre erfarne skyttarane med Elling S. Ringdal i spissen var samde om å skyte på eit punkt på vegen så snart bilen kom til syne. Elling ropte fyr, og alle 3 skaut samstundes. Effekten var fullkomen. Den gongen var der grusveg. Og grusen stod som ei sky over bilen som bråstoppa. Ein stor røsleg sjåfør kom ut av bilen saman med ein tynn bleik franskmann. Sjåføren – som var vetskremd – kjende eg att frå eit idrettsstemne på Sandane i 1932 der han vart distriktsmeister i kulestøt. I parantes kan eg fortelje at stryningen, skulekameraten min, Julius Fure støytte kula lenger, men han var ikkje påmeld. Nok om det, den store kraftige karen som heitte Gunnar Øren og køyrde drosje i Høyanger, skolv og heldt seg for hjarte. Han kom med franskmannen, frå Høyanger til Hellesylt, som skulle vidare til Åndalsnes. Franskmannen kunne legitimere seg og spenninga løyste seg opp. Men seinare gjekk det rykte om at mannen var spion og vart arrestert på Åndalsnes.

Tur til Oslo

Vi var komne til medio mai 1940. Alt samband, både post og telefon mellom Vestlandet og Austlandet hadde vore brote sidan innvasjonen. På Hellesylt gjekk to par foreldre, Laura og Asmund Lillebø og Alma og Syver Ringdal og var redde for døtrene sine Borghild (gift Hauso) og Anne (gift Sårheim). Dei gjekk gymnas på Eidsvoll. Det hadde vore trefningar på Eidsvoll og foreldra ottast at det kunne ha hendt dei noko. Det vart bestemt at Åmund Lillebø skulle prøve og ta seg fram til Eidsvoll for å leite opp jentene og få dei med heim. Bilen til Grand Hotell, ein 7 seter Cabr. Horch vart klargjort. Eg vart spurd om å køyra. Bilen som var tysk fabrikat og låg langt over Mercedes i pris var kjøpt brukt av skipsredar Fred Olsen, vart utrusta med bensin nok til Oslo og tilbake. Distriktslege Torgersen skulle vere med. Han hadde familie og gardsbruk på Nøtterøy som han ikkje hadde høyrt noko frå. 18. mai reiste vi med ferge til Vallsvik. Det var avtalt med postverket i Ålesund at vi skulle stoppe på Sjøholt og ta med ein liten postsekk til Oslo. Dette var første postforsendelsen mellom Ålesund og Oslo sidan 9. april.

Her om dagen fann eg att fylgjebrevet til denne postposen datert 18/5 Ålesund og kvittert av Oslo postkontor 21/5-40. Vi hadde inga aning om kva vi gav oss ut på. Hadde vi visst det hadde vi neppe lagt ut på reisa.

Vi kom til fergeleiet på Våge, for vegen gjekk ikkje lenger då. Vi hadde ei punktering undervegs for vi var tungt lasta med bensinfat. Bilen brukte mykje bensin og ein måtte ha nok både fram og tilbake. Frå Våge ferga vi til Norvik på norsida av Romsdalsfjorden og det gjekk utan problem til Åndalsnes. Men der møtte oss eit uhyggeleg syn. Heile Åndalsnes var bomba og brent og husmurar og skorsteinar grein mot oss. Der var ingen stad vi kunne ta inn for å overnatte. Vi fann den tyske kommandanten og fortalde kva ærend vi hadde og at vi først skulle til Eidsvoll og vidare til Oslo. Han fortalde oss at vegen opp Romsdalen var sperra. Og der stod vi. Men etter at vi hadde vore der ei stund og bilen vår var vist fram vart komandanten så velvilleg stemt at han tilbaud oss å få køyre bilen på togen neste morgon og skreiv ut ausveis:

Neste dag som var 20. mai fekk vi køyre bilen på toget og følgje til Dombås. Då vi kom til Dombås leid det langt på dag så vi køyrde berre til Otta og tok inn hjå Ola Sveine, ein sjåfør i OGS som eg kjende og som dreiv kafe Kvil og pensjonat. Her fylte vi bensin og sette att det vi ikkje hadde bruk for på turen til Oslo.

Tredje dagen kom vi etter diverse omkøyringar til Minnesund. Her var brua som var både for tog og bil øydelagd, og tyskarane var alt i gong med reparasjonen. Derfrå køyrde vi på austsida av Vormaelva og kom til Eidsvoll ut på ettermiddagen. Der fann vi Borghild og Anne i beste velgåande. Undervisninga på gymnaset var igong att. Det var eit hjarteleg gjensyn, men jentene ville gjere frå seg eksamen før dei kom heim, så vi heldt fram til Oslo der Lillebø skulle besøke slekt, og Dr. Torgersen ta toget til Nøtterøy. Vi var no komne til 21. mai og gjorde avtale om å møtast att 23. mai i Oslo.

Det var rart å kome til Oslo. Alt var stille og fredeleg, nesten ikkje ein bil i gatene. Det var som tida stod stille. Post og telefon med omverda var brote. Når vi stoppa på Karl Johan kom folk springande over gata når dei såg denne T-bilen og skulle frette frå Vestlandet. Eg fekk levert postposen til Oslo postkontor som kvitterte på den vesle lappen eg hadde med frå Ålesund. Som kvitteringa viser var vi no komne til 21. mai 1940.

Eg køyrde til Uranienborgv. 9. Der fekk eg vere hjå mine gode vener Sigrid og Audun Yri. I Oslo var alt tilsynelatande som før. På Oslofjorden låg Stavangerfjord. Heime gjekk det rykte at han var senka.

Den 23. mai tok vi til på heimturen. No trudde vi at alle vanskar på turen var over. Vi nådde att utallige tyske bilkolonner på veg nordover med soldatar og utstyr. Dei køyrde ikkje fort men disiplinert so det var ikkje vanskeleg å kome forbi, men vegen var smal og krokete i dei dager så det var ikkje enkelt alltid, men mottrafikk var det ikkje og dei tyske lastebilane hadde vegen åleine.

Bortsett frå øydelagde bruer var det ikkje mykje spor å sjå etter kamp. Det som gjorde eit ugløymande inntrykk på meg var ei gamal lita stove på øvstesida av vegen en stad i Gudbrandsdalen. Attmed stova var ein liten potetåker. Midt på åkeren var ei soldatgrav med trekors og ein tysk hjelm på. På Kvam var kyrkja brend og der stoppa vi og snakka med Nils Ringdal frå Hellesylt som var lærar og klokkar der. I Kvamsporten, ei fjellskjering syd for Kvam prøvde norske og engelske soldatar å stoppe tyskerane. Og der var det harde trefningar. Ringdal fortalde at eit stort antal engelske soldatar fall, ca. 100. Dei vart begrevne på marka ved sidan av vegen der vi stod. Han fortalde at tyskerane hadde mange falne. Dei samla alle sine falne soldatar i kyrkje og sette eld på. Det rauk enno av kyrkjetuftene. Medan vi stod på Kvam starta ei kolonne med hestar og vogner som hadde lege der om dagen for så å køyre vidare om natta. Denne hestekolonna passerte vi og kom til Otta kl. 8 om kvelden der vi overnatta hjå Sveine. Der fyllte vi på resten av bensinen vi hadde der.

Om morgonen 24. mai starta vi på heimturen. Men då vi kom over brua var vegen nordover sperra og den tyske vakta nekta oss å køyre vidare fordi ei tysk hestekolonne var pågrepa på Sel. På andre sida av elva såg vi ei rad store kjøtskrottar opphengde. Det var hestane vi hadde passert i 7-tida då vi reiste frå Kvam. Det viste seg at nordmenn hadde kome over frå Østerdalen og lagt seg i stilling ved brua der vegen no går over til Høvringen og skote ned hestane og trekt seg tilbake. På ein stor plakat hadde tyske Ortskommandanten skreve at norske friskarer hadde pågrepe ei tysk hestekolonne og at nordmennene ikkje måtte vere så dumme og at represalier kunne vi vente. Skoten blir den … osv. Og der stod vi. Vegen til Stryn var ikkje opna, men vi visste at tyskerane heldt på å ta opp vegen til Geiranger. Vi troppa så opp hjå Ortskommandanten som hadde kontor ved jernbana. Vi viste fram papir frå Ortskommandanten på Åndalsnes og sa at vi no var på heimveg og spurde om det var råd å køyre til Geiranger sidan vegen var sperra til Åndalsnes. Det var ein morsk kar vi møtte der. Han fortalde at nordmenn hadde pågrepe ei tyske hestekolonne ved Sel. Han raste over nordmenn som kunne vere så dumme. Han gjekk att og fram på golvet i fullt raseri. Vi sat stille og høyrde på og venta på at han skulle spakne. Til slutt spakna han og svara på det eg spurde om. Vegen vart gjenombrøyta i går. Eg var der sjølv sa han og køyrde meg fast. Så vi fekk ikkje køyre der og uten hjelp kunne det ikkje gå. Han trava att og fram. Så spurde han kva slags bil vi hadde. Vi har ein Horsch 7-seter Cabriolet, sa eg. Plutseleg stoppa han og tverrvende såg på oss. «Ja», sa han «dann geht es.» «Sie kønnen fahren». Plutseleg såg han på oss med andre auge. Det kunne ikkje vere kven som helst som køyrde Horsch, eit bilmerke som berre direktørar og rike folk hadde råd til i Tyskland.

Glade og letta la vi i veg mot Geiranger. Vi kom oss over fjellet utan noko problem. Då vi kom ned Blåfjellet og såg ned mot Geiranger nådde vi att snømåkerane, eit hundretals tyske soldatar, ei lang rekke med kvar sin spade på aksla. Det var nett med same dei var ferdige. Det var godt å korne til Geiranger til kjentfolk og slektningar. Alt klaffa for oss. Ferga til Hellesylt var nett byra å gå på gr. av vegopninga over fjellet, og vi kom oss velberga tilbake til Hellesylt 24. mai 1940.

Det var eit sterkt ynskje frå Åmund Lillebø at eg måtte skrive om denne reisa vår til Oslo.

Stryn, nov. 1995

John Frøysa.

688cbb739cf56e4caa4aa983